Person / Aktør:
Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Parti: SP

Innlegg:
Eg meiner at eldre på sjukeheim treng besøk av familie. Også no i koronatider. Det må vere mulig å få til. Eg har sendt skriftleg spørsmål til Høie om eit tydeleg regelverk for sjukeheimar , der ein tilrettelegg for at friske eldre som ynskjer det, kan få besøk etter bestemte reglar. Mange eldre avsluttar livet sitt på sjukeheim. Ein av fem eldre bur på sjukeheim mellom 1 mnd og 6 mnd. I gjennomsnitt bur eldre 2 år på sjukeheim. Vi kan forvente strenge koronatiltak i Norge heilt til vi får ei vaksine- kanskje det vil ta to år. Det er lang tid for dei eldre å ikkje ha vanleg sosial kontakt. Og feil etter mitt syn. Det er noko anna når det gjeld sjukehus - sjukeheim er HEIMEN til dei eldre, der dei bur. Eg er og oppteken av at vi må unngå smitte på sjukeheim. Men eg meiner det urimeleg om ein ikkje prøver å balansere dette betre. Ellers vil mange eldre , som vil kunne døy av heilt andre sjukdomar enn korona, vere avskoren frå kontakt med ektefelle , barn og andre i heile den siste tida - og kanskje i fleire år. Er det rett? Nei. Og bør vi ikkje lytte til kva dei eldre sjølv ynskjer ? Sjølvsagt må besøk regulerast - det kan ikkje vere fritt fram å kome på besøk. Det må varslast, ein må ha avstand . Eit besøksrom nær utgangen - eller besøk ute no når varmen kjem - med nødvendig avstand, til dømes. Dette kan ein få til, og det er viktig! Det vil bety veldig mykje for veldig mange. Heldigvis ser det ut som at Høie er einig med meg i dette . 🍀🍀

Postet:
2020-04-27 12:48:50

Delt innhold:
Vil opne opp for besøk på sjukeheimane
Sp vil opne opp for meir besøk på sjukeheimane, trass i at 101 bebuarar er døde av koronaviruset.