Person / Aktør:
SMK

Innlegg:
Aktørar frå industri, olje og energi kom i dag med innspel til til kva slags langsiktige tiltak som kan bidra til å stimulere etterspørselen, få folk tilbake i jobb og styrke konkurransekrafta etter koronakrisa. Foto frå møtet: https://t.co/aGtjpUYx9k #koronaNorge https://t.co/HfJ74BFFqN

Emneknagger:

Postet:
2020-04-21 19:21:05

Delt innhold:
Videomøte med industri, olje og energi
21. april 2020: Statsministeren, næringsministeren og olje- og energiministeren hadde i dag invitert til videomøte med representantar for industri, olje og energi. Møtet er del av ein serie innspelsmøte der regjeringa inviterer ulike sektorar og næringar til å kome med innspel til korleis Noreg best mogleg skal kome seg ut av koronakrisa. Les meir om møteserien her: www.regjeringen.no/no/aktuelt/inviterer-til-innspillsmote... Dei som deltok i dagens møte var BKK, Equinor, Hafslund Eco, IKM, Subsea 7, Ulstein, EL og IT Forbundet, Industri Energi og Norsk Industri. Statsministeren deltok i videomøtet frå sitt eige kontor. Foto: Arvid Samland/Statsministerens kontor