Person / Aktør:
Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Parti: SP

Innlegg:
Av og til er saker meir vanskelege enn andre. Smitte- appen er ei slik sak. I alle fall for meg. Eg er ikkje blant dei som hyllar regjeringa si konkrete løysing i applikasjonen. Men eg er sjølvsagt positiv til ein smittesporing-app - fordi dette vil kunne bidra til at vi fortare kjem oss gjennom denne krisa. Og at vi fortare kan isolere dei som er smittsame, og å hindre vidare smitte . Men ,kort fortalt,så er mi bekymring at smittesporing berre er halve føremålet med appen som regjeringa har lansert. Det andre føremålet er overvaking av smittespreiing på befolkningsnivå. Det et det siste som er problemet. På grunn av dette kan ikkje data bli lagra lokalt på kvar telefon , men sentralt , noko som fleire påpeikar er bekymringsfullt ut frå personvernonsyn. At kildekoden ikkje er open er også blitt sterkt kritisert , dessutan at samtykke ikkje er nok som juridisk grunnlag . Denne saka har aldri vore innom Stortinget , berre sjølve bevillinga. Å laste ned appen er frivillig , og eg vil ikkje åtvare mot appen. Her må folk bestemme sjølv. Eg håpar faktisk at mange vel å laste den ned , for folkehelsa si skuld. Og for vår eiga skuld - det er flott å kunne bli varsla om ein har vore utsett for smitte . Men eg kunne berre ha ynskt at den hadde vore laga meir i tråd med dei generelle råda for personvern, og at den hadde vore ein rein smittesporings- app. Då trur eg vi hadde unngått dei mange diskusjonane rundt den, og at appen kunne fått veldig stor tillit ute i befolkninga.

Postet:
2020-04-17 17:20:17

Delt innhold:
Statsministeren anbefaler «alle» å laste ned Smittestopp. Sp er svært kritisk
Det Europeiske Personvernrådet (EDPB) er svært kritisk til smittesporingsapper uten åpen kildekode. Kjersti Toppe (Sp) mener Norge må lytte til rådene fra EU.