Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
Eg har tenkt å lese denne boka i påsken. Rett og slett for å forstå meir av kor viktig olje- og gassnæringa er for landet vårt.
Norge har handlingsrom til å setja i verk sterke tiltak no fordi olja har gitt oss økonomi til det.
Eg tenker på dei som snakker om at nå må det bli slutt på subsidiane til oljenæringa. Dei som hevder det har ikkje forstått noko som helst om pengar inn og pengar ut.
Eg tenker og på dei som liksom er venner av næringa men som konsekvent seier at me no må satse på oljenæringa fordi me skal oppnå noko anna. Det verkar ikkje å vera verdifullt nok å produsere olje- og gass. Ein må til dømes satse på oljenæringa for at me skal bli store på havvind. No er ikkje eg mot havvind - men kan vera greitt å merke seg at dei treng tunge subsidier og ein kWh er omtrent gratis.
Landet vårt har så uendeleg mykje å takke oljenæringa for. Og me kan vera stolte av dei som har forvalta oljeressursene til beste for fellesskapet.
Særleg i vanskelege tider er økonomiske tryggleik avgjerande viktig.
Då eg køyrde til Oslo for å vera med på stortingsmøte denne veka kom eg bak en trailer på E39 - den køyrde seint og hadde en stålramme med en duppeditt bakpå tralla. Den traileren gjorde meg glad - for den fraktet et stykke ingeniørkunst. Folk i bedriftene har brukt hundrevis av timer på å tenke ut og lage denne duppeditten. Og i fremtida skal den truleg bidra til å gi milliardar av kroner i statskassa.
Og oppe i alt som nå skjer med Koronatiltak og oljeprisfall: Me er langt fra i mål med tiltak. No har me truleg berga mange bedrifter - men dei tunge verdikjedene med bedrifter innanfor petroleum og maritime næring står framleis att. Det må me stortinget ta tak i over påsken.
Poenget mitt var berre å seie god påske. Anten påskehøgtida vert feire på land eller på sjøen. Og så vart eg litt ivrig - og det var godt å få sagt det.
Postet:
2020-04-08 21:33:11
Delt innhold: