Person / Aktør:
Sosialistisk Venstreparti
Sosialistisk Venstreparti
Parti: SV

Innlegg:
SV er glad for å ha fått på plass kontantstønad til bedriftene, men meiner det er uforståeleg at stortingsfleirtalet nektar å sikre arbeidsfolk mot oppseiingar, og at fleirtalet nok ein gong er villig til å la statlege krisepengar gå til utbyte til rike eigarar. Difor har SV i dag fremja fleire forslag i Stortinget om dette. I tillegg til krav om ingen utbyte og null oppseiingar, fremjar SV forslag knytt til leiarløner, krav til at berre seriøse bedrifter kan ta i mot stønad, krav til openheit rundt dei som får krisestønad, noko som vil hindre at pengar blir flytta til skatteparadis, og til redusert husleige.

Postet:
2020-04-07 14:20:28