Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Når kvardagen kjem etter pandemien, så gler eg meg til å gå ein tur i skogen med venner. Med berre 2 cm avstand, der me dultar borti kvandre på veg opp til ein topp. Eg gler meg til å ha venner over på middag, sitje tett inntil kvarandre rundt kjøkkenbordet, le og fortelje historiar. Eg gler meg til å sjå att mor og far. Eg gler meg til å gå til gullsmeden, og prøve mange ulike gifteringar før Kristian og eg kjøper eit fint par. Og eg gler meg til det går an å gå ut ein stad der einkvan speler piano, andre et og me kan dansa, som me gjorde den fine dagen på biletet. Kva gler du deg til? ❤️

Postet:
2020-03-28 20:45:10

Delt innhold: