Innlegg:
Etter intense forhandlingar har Stortinget i dag blitt einige om ein forsterka krisepakke til kriseramma næringsliv og vanlege folk som no går krevjande tider i møte. For oss i Arbeidarpartiet var det viktig å gjere pakken meir sosial og rettferdig for arbeidsfolk. Nokre av tiltaka vi er einige om:
- Full lønn for permitterte i 20 dagar.
- Dei med låge inntekter får høgare dagpengesats, og vi senkar inntektsgrensa for å kome inn i dagpengeordninga.
- Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar får inntektssikring.
- Dobling av perioden med omsorgspengar for deg som må vere heime med barn.
- Lærlingar som mistar læreplassen blir sikra inntekt.
- Aktivitetskrav for sosiale stønadar blir fjerna, og perioden med arbeidsavklaringspengar blir forlenga.
Dette har vore ein viktig test for det norske demokratiet, ein test Stortinget i dag har bestått. Partia står saman, demokratiet fungerer. Arbeidet er ikkje over, vi fortsetter å jobbe med nye tiltak som raskt kan innførast for å sørgje for at bedrifter ikkje går konkurs og folk ikkje mistar jobb og inntekt. Ta gjerne kontakt med meg på frb@stortinget.no om du har innspel til kva vi bør gjere!
Postet:
2020-03-16 10:02:31
Delt innhold:
Enighet om krisepakke til koronarammet næringsliv
Partiene på Stortinget er enige om en krisepakke til næringslivet for å dempe de økonomiske virkningene av koronaviruset.