Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Korleis ei krise vert handsama i starten definerer heile den vidare handsaminga av krisa. Derfor har det vore viktig for Arbeidarpartiet at fellesskapet skal stille opp for folk. At ingen skal stå åleine i krisa. At helsa til folk i landet vårt vert trygga, familien sikra og at inntekten er forutsigbar, sjølv om kvardagen ikkje er det. Gjennom helga har opposisjonspartia klart å opptre samla på dei vesentlege punkta. Regjeringspartia har kome oss i møte. No står me samla om mellom anna følgjande krisetiltak: 🌹 20 dager full lønn under permittering, der alt frå dag 3 er betalt av fellesskapet 🌹 Ekstra tryggleik for lågtlønte som vert permittert ved at dei får høgare kompensasjon og ved at fleire kvalifiserer for å få dagpengar 🌹 Inntektssikring for lærlingar på nivå med lærlinglønn 🌹 Dobling av antall «heime med sjukt barn-dagar» og at staten tar mesteparten av rekninga, ikkje arbeidsgjevar 🌹 Ei sikring av inntekt for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar som no ikkje kan utøve yrket sitt I tillegg er me samla om å få til meir for å redde bransjar og bedrifter som står på randen av konkurs, men som elles har hatt ein sunn økonomi. Me står samla om utsett innbetaling av arbeidsgjevaravgift og merverdiavgift, og at staten må sikre kritisk infrastruktur som luftfart. Meir må til. Arbeiderpartiet tek gjerne ansvar på vegne av landet, og ser fram til samarbeidet med dei andre partia framover for å gje folk og bedriftar tryggleik i tida framover. Eg skal leggje ut heile avtaleteksten ved høve.

Postet:
2020-03-16 10:32:54