Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
I ei tid som denne må me stå saman. Tryggleik for liv og helse må kome først, men det er mange som blir sett i krevjande situasjonar no som følge av dei strenge tiltaka som er innført. Tre ting er derfor hovudprioritet når Arbeidarpartiet gjennom helga snakkar med dei andre partia om kva målretta strakstiltak me vil innføre: 🌹 Full lønn ved permittering 🌹 Omsorgspengeordning som er rausare 🌹 Ordningar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar slik at dei ikkje står på bar bakke I tillegg må det kome kraftigare tiltak for å redde bedrifter og bransjar som er ramma. Det kan ikkje stå på pengane no.

Postet:
2020-03-15 09:31:51