Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Ofte vert det forventa at kvinner skal innfri direkte motstridande krav. Her er nokre døme: Smil meir. Du verkar så streng. Smil mindre. Du verkar så arrogant. Det håret ditt – kan du ikkje heller ha det i hestehale, så det ikkje er i vegen for bodskapet? Den hestehalen din – den får deg til å sjå ut som Tante Sofie. Før eg stod på oslolista til Stortinget vart det sagt: Ho er for lite Oslo. Så flytta eg heim til Rogaland, og då vart det sagt: Ho er for mykje Oslo. Før sa somme at eg ikkje kunne få høge verv i partiet, for eg hadde aldri sloss for verva mine, eg hadde berre fått dei av Jens. No seier somme at eg ikkje kan få høge verv i partiet, for eg har sloss for mykje, og kan ein eigentleg stole på kvinner som tør å sloss? I alle år har eg fått kritikk for å forberede meg for mykje. Det har eg ikkje tenkt å slutte med. Å vere pliktoppfyllande, hardtarbeidande, såkalla flink pike, det er ikkje noko jækla syndrom. Det er ein medalje. Den medaljen bær eg med glede. Det eg skriv om her er veldig allment: Kvinnfolk over heile landet, ja – over heile verda – har til alle tider opplevd at det vert stilt andre krav til dei enn til menn. Kvar gong dei innfrir eit krav, eller når eit nytt mål, så flytter målet seg og heilt nye krav vert stilt – stikk i strid med krava frå i går eller dagen før. Men: Eg er glad for at så mange kvinner går saman for å kjempe for meir likestilling. Det er den einaste måten å endre samfunnet til det betre på: Å brøyte veg for alle som kjem etter oss. Gratulerer med kvinnedagen!

Postet:
2020-03-08 14:56:43

Delt innhold: