Innlegg:
Ein dag i stortingslivet 🙂 fyrst i Bergen med dei fine folka i Hordaland og Sogn- og fjordane Senterparti - møte mellom dei to fylkestyra og fylkestingsgruppa 🍀🍀. Så fly til Stavanger til Fagforbundet sin sjukehuskonferanse - 🩺💉debatt om samhandlingsreforma m.m . Eg meiner at Samhandlingsreforma var rett, men at den ikkje er fulgt opp. Og at det då har vore lettare for sjukehusa og helseføretaka å kutte i pasienttilboda og sende pasientane til kommunen uten at midlane har følgd med.
På veg tilbake til Bergen i skumringstimen- lyst og lyseblå himmel i Stavanger og nesten natt i Bergen - med 25 minutt mellomrom . Litt fascinerande !
Postet:
2020-03-05 20:59:35