Person / Aktør:
Utenriksdepartementet
Utenriksdepartementet

Innlegg:
Delegasjonen i Genève har nådd nye høgder i kommunikasjonsarbeidet! Sist veke gjekk den årlege prisutdelinga «Geneva Engage Awards» av stabelen. Prisen blir delt ut i fleire kategoriar til dei som har lukkast best med å nytte digitalt diplomati for å skape engasjement rundt tema som menneskerettar, humanitære kriser og global helse. I konkurranse med alle andre faste delegasjonar til FN i Genève stakk @norwayingeneva av med den gjeve SoMe-prisen. Dei jobbar no for å bli enno betre i sosiale media - medan dei solar seg i glansen litt til 😎 Delegasjonen takkar alle tidlegare medarbeidarar og praktikantar som har bidrege til dette arbeidet - innsatsen har satt sine spor! #postfråpost #noregiverda

Emneknagger:

Postet:
2020-02-05 14:09:37