Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
I går var det regjeringserklæringsdebatt i Stortinget i samband med at landet har fått ei ny, blågrøn regjering samansett av Venstre, Høgre og Krf. I hovudinnlegget mitt som parlamentarisk leiar nytta eg høvet til å yttrykkja stor glede over at Venstre «no har styrkja laget med å få min gode kollega Ola Elvestuen tilbake til maktas høgborg; Stortinget. Kapasiteten og kompentansen han representerar, ikkje minst som ein av dei fremste politikarane me har på miljø - og klimaområdet, world wide, borgar for at Venstre tek ein endå tydelegare rolle i å akselera det høgst nødvendige grøne skiftet». Og sjølv om styrkjeforholdet mellom partia på Stortinget er det same og regjeringsplattformen Venstre signerte på Granavollen ligg fast, vil det utvilsamt merkast at me har ei ny sentrum-høgre regjering med ny giv, ny energi, spesielt i dei viktigaste sakene for Venstre: Klima og miljø, kunnskap, næring og sosialt ansvar. Dette vert bra!

Postet:
2020-01-31 07:52:43