Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
I dag feirar om lag halvparten av britane at dei etter mykje om og men meldar seg ut av EU, medan den andre halvparten sørgjer. For alle oss som er overtydde om at me treng meir internasjonalt samarbeid for å løysa dei store globale utfordringane me står overfor, er det ein trist dag til ettertankje. Verda opplever ei klimakrise me aldri har sett maken til, me opplever at den globale migrasjonen veks, og ny teknologi bringar verda og næringslivet tettare saman over landegrensene. For å skapa vekst og velferd i fleire land, for å løysa klimakrisa, for å sikre alle mennesker fridom og like moglegheiter i livet, treng vi meir fellesskap og meir samarbeid, ikkje mindre. Eg er svært glad for at Noregs tilknyting til Europa; EØS-avtalen, står sterkt i folket. Samstundes er det fleire parti som ynskjer å melde Noreg ut av dette fellesskapet, sjølv om det vil gjere kvardagen svært krevjande for næringslivet vårt som har Europa som viktigaste marknad. Det vil Venstre alltid kjempa imot. Me treng samarbeid, me treng internasjonale fellesskap der me forpliktar oss til å jobba på lag, ikkje mot kvarandre. Venstre kjempar for fridom for alle og for å løysa utfordringane våre i fellesskap. Me kjempar mot populisme og nasjonalisme over heile verda. Brexit løyser ingen utfordringar, men skaper tvert om mange nye og heilt unødvendige problem for både folk og bedrifter. Det er ingen god dag for Europa i dag, men eg håpar EU vil koma styrkja ut av situasjonen på sikt. EU har vist før at dei har handtert krevjande prosesser på ein konstruktiv måte, og eg er sikker på at dei klara det igjen.

Postet:
2020-01-31 11:59:19

Delt innhold: