Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Erna Solberg sitt personlege nederlag når ho ikkje har lukkast med å samle borgarleg side, har lite å seie for vanlege folk sin kvardag. Det endrar heller ikkje kursen høyreregjeringa har hatt gjennom sju år med sentralisering, privatisering og skattekutt til dei som har mest frå før. Arbeiderpartiet vil fortsette å vere eit tydeleg opposisjonsparti til denne kursen. Me vil ha eit meir rettferdig og klimavennleg Norge, der fleire får vere i jobb. Eg trur folk vil ha politikarar som har fokus på rett stad: Den jobben me skal gjere for folk, ikkje politisk spel og skuldfordeling slik høyrepartiene held på no. Når støyen har lagt seg må vi tilbake til å snakke om ein politikk for vanlege folks lommebøker og kvardag. Klimakrise og aukande forskjellar mellom folk er viktigare enn regjeringskrise. Det kan framstå som høyreregjeringa har mangla eit politisk prosjekt og derfor har kjeklinga fram og tilbake mellom dei prega politikken dei siste åra.

Postet:
2020-01-20 14:57:32