Person / Aktør:
Knut Arild Hareide
Knut Arild Hareide
Parti: KRF

Innlegg:
I dag fyller ei fantastisk dame heime på Bømlo år. Mamma – Tordis - er 85 år! Ei klok dame med varme og engasjement for dei rundt seg og ei som alltid har vore aktiv i samfunnet - ei som alltid stiller opp! I mange år har ho stilt opp for flyktningar heime på Bømlo. Ho leia foreldreutval. Ho klypte håret til naboungane i byggefeltet. Ho var engasjert i politikken for KrF, og eg hugsar då eg var sjuk og bad mamma gå i kommunestyremøte for å sikra nytt svømmebasseng på skulen. Ho har no snart vore aktiv i misjonsarbeid i over 70 år. Og altfor mange gongar har ho krevd at eg skulle ta av meg gensaren fordi ho er for varm… Eg har så mykje å takke mamma for. Hennar samfunnsengasjement har vore drivkraft og inspirasjon for meg. Ho har saman med pappa skapt ein heim der ein kunne vera som ein er - og det var meir enn godt nok. Gratulerer med dagen, mamma. Du lever verkeleg opp dei verdiane du står for og evner å sjå utover deg sjølv. Stolt og glad i deg!

Postet:
2020-01-02 20:08:43

Delt innhold: