Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Det er ein stor dag for Rogaland og Noreg! I dag kan bilane køyre gjennom verdas lengste undersjøiske tunnel Ryfast. Det var harde tak då saka skulle gjennom regjering og storting våren 2012. Til slutt enda det med at alle parti med unntak av Frp stemte for. Dei ville heller ha ei ny konseptvalutgreiing (!) Eg er glad for at dei ikkje vann fram - då ville det vore ferje i årevis framover. Mange skal ha æra for at prosjektet er realisert. Det er likevel ikkje til å koma unna at Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) er mor til prosjektet. Eg vil og gje honnør til prosjektleder Gunnar Eiterjord for jobben han har gjort. Det er meste vanskeleg å forstå kor stort dette prosjektet er. På ein elles så gledeleg dag er det og verdt å minnast han som omkom i ei arbeidsulykke i prosjektet i 2017. Samferdsel bind folk saman og det er viktig at Ryfast ikkje berre bind Ryfylke til Stavanger. Det bind like mykje Stavanger og Sør-Rogaland til Ryfylke. Gratulera til alle ! Og takk til dei som har jobba på ferja mellom Tau og Stavanger i alle desse åra.

Postet:
2019-12-30 14:46:34

Delt innhold: