Person / Aktør:
Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Parti: SP

Innlegg:
Finnmark i går med besøk hos Finnmarksykehuset HF - som tok vel i mot oss. ( men hos Luftambulansen HF blei vi nekta møte - fordi vi visstnok var en trussel for sikkerheten....) I Kirkenes har dei fått nytt sjukehus. Det er kjempeflott - rekrutterer bra og har mange dyktige helsearbeidere! Men - Sjukehuset er alt for lite sjølv om det er flunkande nytt. Eg forstår ikkje korleis det eigentleg er mulig å bygge for lite sjukehus i Kirkenes....men det er saka. Det er ikkje nok kontor til legane ein gong. Pasientar må ofte no bu to på eittmannsrom som ikkje er utstyrt for to senger. Men - Alternativet er korridoren. Så er det også snakk om å kutte i intensivberedskapen for å spare pengar. Slik må pasientar som treng respiratorbehandling til UNN i Tromsø eller Hammerfest- 500 km vekke. Det er som om folk i Oslo måtte få respiratorbehandlinga si i Bergen . I tillegg er det stor svikt i kuftambulanseberedskapen . Derfor var det stort engasjement og stort oppmøte i viktige møter vi hadde Med Per Olaf Lundteigen og Geir Adelsten Iversen

Postet:
2019-12-05 12:16:40

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Kjersti Toppe