Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
I Time kommune (og i mange andre kommunar) er det no mange som kjempar for å behalde viktige lokale tenester. På Undheim kjemper dei for å behalde ungdomsskulen sin. På Lye og Bryne er dei redde for at den lokale barnehagen skal bli lagt ned. Alt dette skjer av to grunnar: For det fyrste fordi dei styrande i kommunen har gjort nokon feil prioriteringar. (Ja - det blei fint, men me hadde ikkje råd) For det andre fordi kommunen får for lite pengar frå staten. Når ein høyrer regjeringspartia på Stortinget snakke om kommunane så viser det tydeleg at dei ikkje forstår korleis situasjonen er rundt omkring i landet. Eg snakka om dette i budsjettdebatten på Stortinget sist onsdag: «Om det var slik at skryt, og ikkje minst sjølvskryt, var eit betalingsmiddel, ville representantane frå regjeringspartia berre i denne debatten ha dekt inn utgiftene på statsbudsjettet. For i staden for å ta utfordringane som folk har, på alvor, finn ein kreative måtar å framstille kvardagen til folk rundt om i landet på. La meg ta eitt eksempel. I desse dagane, i mange kommunar, slåst folk for å bevare sin lokale skule, sitt fritidstilbod, sin hurtigbåt eller si legevakt. For mange kommunar har dårleg råd og slit med å få budsjett til å henge i hop. Det gjer at det må kuttast i tenestetilbodet. Ingen av representantane for regjeringspartia har vore bekymra for dette, i staden har dei funne ut at det er få kommunar på staten si svarteliste for kommunar med dårleg råd. Logikken er med andre ord om at kommunen ikkje er sett under økonomisk administrasjon, er alt velstand. Heldigvis er ikkje folk rundt om i dette landet dumme. Dei avslører kva som skjer, og dei veit kva som er skryt, og kva som er realitetar. Dei ser at det er press på tenestetilbodet, og at kommuneøkonomien er for svak.»

Postet:
2019-12-02 12:07:07