Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Innlegget eg hadde i Stortinget like etter at eg hadde forstått kor dårleg erstatning regjeringa har gitt tilbod om til pelsdyrbøndene. Pollestad (Sp) [19:58:05]: Regjeringspartia er veldig opptekne av å snakka om eksport frå norsk landbruk. Noreg har hatt to store eksportprodukt – Jarlsbergost og pels. Begge delar har denne regjeringa avvikla. I dag skal me vedta eit budsjett der me brukar pengar på erstatning fordi regjeringa innfører forbod mot ei næring som er lønsam. Og i dag sende landbruksministeren ut forskrifta. Det er ein svart onsdag for pelsdyrbøndene i landet. Sjølvsagt må private næringsdrivande få full erstatning når regjeringa innfører forbod mot verksemda dei driv. Men landbruksminister Olaug Vervik Bollestad har i dag presentert ei erstatningsordning som framleis vil vera langt unna å gje fleirtalet av bøndene full erstatning for det økonomiske tapet. For dei som har drive med rev, er denne ordninga akkurat like dårleg som det som var på høyring. For dei som driv med mink, er det framleis slik at det vil vera store tap for enkeltaktørar. Dette er ein måte å behandla skikkelege folk på som er totalt uansvarleg. Store ord vart gjevne den 13. juni då vi behandla denne saka i Stortinget. Regjeringa har ikkje innfridd. Regjeringa har svikta løfta sine i denne saka. Det er ein alvorleg dag for alle som er opptekne av næringsfrihet og privat eigedomsrett. Eg lurer på om regjeringa trur på det dei har lagt fram. Eg lurer på om dei trur at folk er så dumme at om dei berre gjer noko som er litt betre enn noko som var elendig, kjem det til å verta jubel. Det vert ikkje jubel av dette, og det er ingen grunn til å jubla for det. Så er det måten regjeringa jobbar på – at pelsdyrbøndene i landet skal få vita dette ved at landbruksministeren gjev eit intervju til NTB. Nei, det fans inga forskrift lagt ut. Ein har ikkje teke kontakt med bøndene og deira organisasjonar for å informera. Det er ein måte å behandla folk på som er totalt uansvarleg. Det nyttar ikkje å vera veldig festeleg på Instagram om ein ikkje beherskar jobben med å handtera og behandla dei folka ein er statsråd for, skikkeleg. Senterpartiet har lagt fram forslag i Stortinget som vil sikra full erstatning for det økonomiske tapet ein lir. Når me veit kva regjeringa har tenkt å gje, ja då må me få fortgang på denne behandlinga. Stortinget kan ikkje vedkjenna seg den erstatningsordninga som regjeringa og landbruksminister Olaug Vervik Bollestad i dag har lagt fram. Det vil vera – og er – ein svart onsdag.

Postet:
2019-11-30 11:47:30