Innlegg:
I dag er det finansdebatt på Stortinget. Eg har hatt dette innlegget om Sps alternative budsjett:
President
Eit sterkt offentleg helsevesen er ein grunnstein i velferdsstaten. Som gjer Norge til Norge. Frå Finnmark i nord til Agder i sør. Det handlar om tryggheit i lokalsamfunna, nærleik til fødeavdelingane, fastegar til alle, ambulansar som kjem og eldreomsorg med kvalitet. Det handlar kort og godt om eit offentleg helsevesen som er til stades for folk, nært folk, som har tillit, gir tryggheit og er ein garanti for at velferdsstaten sikrar likeverdige helsetenester uavhengig av kor du bur, sør eller nord, uansett om du er rik eller fattig, og som er ein garanti mot utvikling av et todelt helsevesen.
62 prosent av befolkninga meiner at vi i dag har eit todelt helsevesen. At personlig økonomi har betyding for kor god behandling ein får. Regjeringas politikk for sentralisering og privatisering av helse- og omsorgs-tenesta, er ein drivar for dette. Senterpartiet vil snu denne utviklinga.
Vi har folket med oss. Mange kjemper med oss for eit godt offentlig og desentralisert helsevesen. Som ikkje godtar at sjuke barn i nord må vente fordi luftambulansen står. Som ikkje godtek nedlegging av fødeavdelingar – og som stryk bunadsskjortene for vinne kampen.
Som ikkje godtek milliard-investering i eit nytt sjukehus på Gaustad, eit sjukehus som fagmiljøa ikkje vil ha. Snart kjem fakkeltoget opp Karl Johan, mot nedlegging av Ullevål sjukehus.
President. Vi treng ein ny sjukehuspolitikk.
Senterpartiets alternative budsjett er eit budsjett for eit sterkt offentlig helsevesen. Vårt mål for helsepolitikken er å skape helsefremmende samfunn, førebygge sjukdom og å redusere sosiale helseforskjellar.
Det er eit budsjett for eit førebyggande helsevesen, der det viktigaste er å unngå at folk blir sjuke. Der vi prioriterer pengar til tiltak som fysisk aktivitet i skulen, gratis frukt og grønt til skuleelevar, frisklivs-sentralar og auka satsing på friluftsliv.
Senterpartiets alternative budsjett er eit budsjett som styrkar offentlege sjukehus med 1 mrd. kroner. Vi vil stoppe sentralisering og nedlegging av ambulansetenesta, auke bemanning på fødeavdelingar og sikre følgjetenesta.
Å sikre norske kvinner eit trygt føde- og barseltilbod er eit politisk ansvar. Regjeringas stramme sjukehusøkonomi- med stor grad av stykkprisfinansiering, bidreg til det motsette. Dette kan ikkje fortsette.
Senterpartiets alternative budsjett er eit budsjett for eit betre psykisk helsevern, som er taparen i regjeringas såkalla «pasientens helseteneste». Meir midlar til distriktspsykiatriske sentra, barne- og ungdomspsykiatrien og til ei etterlengta satsing på psykisk helsetilbod til barn i barnevernet, og psykisk helsehjelp til innsette i norske fengsel.
President. Fastlegeordninga er grunnmuren i helsetenesta. Den står for 90 prosent av all aktivitet. No er fastlegeordninga i Norge i krise. Kommunar over heile landet ropar varsku fordi dei ikkje får søkarar til ledige heimlar. Erfarne legar seier opp, eller vurderer det.
Denne situasjonen krev handling. Dessverre tar regjeringa ikkje ansvaret. Regjeringas forslag til statsbudsjett utsett det meste av handlinga til 2021. Det vil vere for seint. Det trengs handling no. Ein fastlege jobbar i snitt 55,6 timars veke.
For å sitere Marit Tuv, fastlege i Valdres i Dagsavisen 29.august i fjor: Vi er ikkje overbelastet av deg og din trøblete hverdag, din kranglete rygg, ditt forhøyede blodsukker, din voksende mage eller ditt behov for prevensjon eller celleprøve. Vi er overbelastet fordi vi har ansvar for veldig mange som deg»
Nettopp. Derfor har Senterpartiet i vårt alternative statsbudsjett, tatt grep. Vi satsar på fastlegane. Vi prioriterer 400 nye allmennlegar i spesialisering, for å styrke fastlegeordninga neste år.
Skal vi sikre eit sterkt offentlig helsevesen, og fastlegeordninga, trengs ein heilt annan politisk prioritering. Senterpartiet viser vei for dette, i vårt alternative statsbudsjett for 2020.
Postet:
2019-11-27 18:22:06