Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Farmor 💚

Postet:
2019-11-21 09:11:39

Delt innhold:
Hå Rugeri AS
I dag er flagget på halv stang. Me skal fylgja ei kjær mor, farmor og ein av grunnleggjarane for det som i dag er Hå Rugeri til sin siste kvilestad. Kari Pollestad fekk leva heile 90 år. Ho hadde eit godt og rikt liv med god helse og klart hove til det siste. Kari og Arthur starta med ruging av kyllinger i kjellaren på heimehuset i 1949. Drifta blei utvida etterkvart, fleire hønshus blei bygde og danna grunnlaget for dagens drift. Ved sida av arbeidet, klarte Kari og Arthur å skapa ein god heim for sine fire born og ein god stad å koma til for alle gjester som stadig vitja dei. Me er takksame for den Kari var og lyser fred over mange gode minner.❤️