Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Det ligg truleg an til at regjeringa snart kjem med sitt framlegg til kompensasjon til pelsdyrbøndene som er råka av H, Frp, V og KrF sitt næringsforbod mot pelsdyrbøndene. Denne saka er politikk på sitt verste. Når enkeltfamilier vert offer for eit politisk spel. Sjølve forbodet vart varsla eit år etter at Stortinget med stort fleirtal hadde sagt ja til ei bærekraftig utvikling av næringa. No har bøndene som er råka levd i lang tid med trugsmål om ein kompensasjon så dårleg at det er openbart at det vil føre til økonomisk ruin og konkursar. Hovudansvaret for det som har skjedd skal det ikkje vera tvil om: Det ligg på Høgre og på statsminister Erna Solberg. Og dei 45 stortingsrepresentantane til Høgre som enten taust har godteke dette eller som har jubla for det som har skjedd. No skal snart statsråd Bollestad (KrF) koma med den endelege løysinga for kompensasjon. Det er eit absolutt krav at pelsdyrbøndene må sikrast full erstatning for det økonomiske tapet. Ingenting av det som Bollestad har presentert så langt er i nærleiken av å sikre full erstatning. Denne saka handler ikkje om dyr, men om mennesker. Det er vanskeleg å ikkje tenke på partileiaren i KrF som snakka om at han meiner mennesker har større verdi enn dyr. I denne saka har det i alle fall ikkje vore mykje vilje frå regjeringa til å sjå familiane og menneska. I ein rettsstat skal me vera trygge på at staten ikkje tek verdiar frå folk utan ein skikkeleg prosess og utan å gjera opp for seg. Denne saka går på tvers av dette. Og på toppen av det heile må bøndene sjå på politikarar som synes meir synd på seg sjølve enn på dei som faktisk vert råka. Eg forventar at regjeringa gjer opp for seg. Betaler prisen det kostar. Det er ikkje rett at kring 200 familier rundt om i landet skal betale prisen for at Høgre og Frp skulle få lov å ha med seg Venstre i regjering. (Eg ville heller ha betalt for å sleppe å ha dei med) Senterpartiet har lagt fram eit forslag i Stortinget om full erstatning. Om ikkje regjeringa legg fram eit skikkeleg oppgjer så er me klar for å køyre fullt trøkk på forslaget i Stortinget. Eg vil igjen takke alle pelsdyrbøndene som har stått fram med sine historier. Eg veit det har kosta - men det har virka. Eg trur Høgre ga Venstre denne saka etter ei kynisk vurdering av at pelsdyrbøndene var ei lita gruppe og at støyen ville gå over. Her rekna statsministeren feil - for folk i Noreg forstår seg på rett og urett. Staten skal tjene folket og politikarar med maktbegjær tek seg uansett dårleg ut. Denne saka er ikkje avgjort - Sp vil halde fram kampen for rettferd. (Bilete er frå Stavanger Aftenblad)

Postet:
2019-11-22 08:52:43