Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Ikkje drep hestenæringa Regjeringa er i ferd med å kvele hestenæringa i Norge. Hestenæringa i Noreg er mangfaldig og omfatter alle typer hestesport og hesteinteresser. Næringa er i stor grad finansiert via inntekter frå spel gjennom Norsk Rikstoto. No er dette under press. For det fyrste så må dei betale ei særskilt avgift til staten for speleverksemda. Det var greitt for nokre år sidan då dei reellt sett hadde monopol på hestespel i Noreg. No er det sterk konkurranse frå andre spel og ikkje minst kommersielle utanlandske spelselskap. Regjeringa har, etter press frå Stortinget, foreslått å kutte avgifta noko. Dei burde fjerna avgifta slik Sp ynskjer. Det andre er at det vil bli innført ei tapsgrense på 20 000 kroner per månad for spel på rikstoto. Dette som eit tiltak for å hindre spelegalskap. Problemet er berre at det vil bety mykje for inntektene til hestenæringa. Eg er for ein restriktiv spelpolitikk, men meiner ei slik spelgrense er galt. Hovudgrunnen er at hestespel er kunnskap og ikkje berre flaks slik som til dømes Lotto. Mi eiga spelehistorie er dokumentasjon på det: Lite kunnskap gjer lite gevinst. Dei som er spelar stort kan betre samanliknast med å spekulere på børsen enn å spela lykkespel. Difor bør ei regjering som seier dei er for personleg fridom vera forsiktige med å innføra slike reglar. Senterpartiet og eg jobber for den norske hestenæringa. Den er viktig på så mange måter for mange.

Postet:
2019-10-30 06:31:07