Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Då har landsmøte til Norges Fiskarlag hatt debatt og gjort vedtak om kva dei meiner om regjeringa sin plan for kvotesystem i fiskeri. Fiskarlaget har gitt regjeringa si stortingsmelding hard medfart. Me er mange frå næringskomiteen for å lytte. Senterpartiet er einig i mykje av det som Fiskarlaget har vedteke. Ser fram til vidare debatt og handsaming av meldinga i Stortinget. 12. desember skal me ha høyring om saka i Tromsø.

Postet:
2019-10-30 15:38:54