Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Det er skameleg at oljeselskapa for å spare nokre kroner ikkje har råd til å servera folk som bur på plattform norsk kjøtt. Har verkeleg ikkje oljenæringa forstått at dei treng dei støttespelarane dei kan få. Eg har tidlegare sendt brev til Equinor-sjefen og sjefen i Norsk Olje og gass om norsk mat på norsk sokkel: Responsen eg har fått er litt sånn: «Så fint at du engasjerer deg guten min.» Eg meiner at her ligg det ein kjempesak for oljenæringa. Sjefen i Equinor Eldar Sætre bør gå ut med ei melding om at hans selskap vil bruke norske jordbruksvarer så langt som det let seg gjera. Det blir tøffere tider framover Sætre og det å ha den norske bonden med på laget er aldri feil.

Postet:
2019-10-21 13:30:38

Delt innhold:
Avviste 11.400 kilo lammekjøtt i grensekontroll
– Partiet var tenkt til offshore og storhusholdning.