Person / Aktør:
Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Parti: SP

Innlegg:
Ein liten kjekk ting ved å vere «folkets representanter»er å bli inviterte til middag på Slottet. Det var vi torsdag kveld. Ein annan liten kjekk ting er at vi kvar dag får nyhetsmeldingar om oss sjølv. Fredag fekk eg til dømes retriever-melding om at eg hadde oppslag i Klassekampen, med bilde og greier. Det handla om at Kjersti og Kjerstin har namnedag. Det visste eg ikkje, gratulerer til oss alle! Ein tredje kjekk ting er å bli invitert i debattar. Det var eg på fredag - i Ålesund , i politisk debatt på Norsk Revmatikerforbund (NRF) sitt landsmøte. I vakre Ålesund, og fantastisk utsyn frå flyet. God helg til alle!

Postet:
2019-10-19 00:35:45

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Kjersti Toppe