Person / Aktør:
Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Parti: SP

Innlegg:
Her er mitt innlegg i trontalen i dag ( sånn cirka) : President Eit sterkt offentleg helsevesen er ein grunnstein i vår velferdsstat. Under denne regjeringa opplever Norge ein auke i sosiale helseskilnader og det vert ført ein politikk for auka sentralisering og privatisering av sjukehustenester og beredskap. Reiseveg til helsetenester, akutt – og fødetilbod blir større der avstanden er størst frå før. Det rammar småsamfunna hardt, men og befolkninga som høyrer til dei overfylte sjukehusa i byar og tettstader. Vi treng no ein ny retning i helsepolitikken. Som sikrar det overordna målet om mest moglege likeverdige helsetenester, uavhengig av sosial bakgrunn eller kor ein bur. Ein politikk som faktisk prioriterer sterke offentlege helsetilbod i heile landet. Om få veker skal regjeringa legge fram ein ny nasjonal helse- og sjukehusplan. Helseministeren seier at den nye sjukehusplanen ikkje skal handle om sjukehusstruktur. For det meiner han at regjeringa gjorde seg ferdig med den i den førre sjukehusplanen. Det stemmer ikkje. Det er framleis store og opprivande sjukehusdebattar, i Møre og Romsdal, i Oslo, på Helgeland og i Vest- Finnmark. Det viser at vi treng folkevald styring av sjukehuspolitikken. Vi treng å skrote føretaksreforma. VI må styre og finansiere sjukehus på same måte som ein har politisk, folkevald styring og rammefinansiering av skule og eldreomsorg. Vi kan ikkje i Norge fortsetje å styre sjukehusa våre etter bedriftsøkonomiske prinsipp, med konsernstyrer der sjukehusdirektørar kjem og går på rad og rekke. Der «produksjonen» - altså pasientane og pasientbehandlinga -må gå med overskot for å få råd til nødvendige investeringar. Regjeringa sin varsla, nye sjukehusplan skal skildre investeringar. Altså ikkje vedta eller prioritere eller finansiere dei. Det skal helseføretaka få gjere som før. Slik vil regjeringa framleis overlate til helseføretaka å gjere upopulære kutt i pasientbehandlinga , i ambulanseberedskapen, innan rus og psykiatri for å klare budsjettmål og få overskot for å invester i naudsynte bygg. Vi treng ein ny politikk for finansiering av sjukehus. Vi må skilje investering og drift, og sjukehusa må slutte å vere underlagt forretningsrekneskap, som andre private konsern. Ein heil bunadsgerilja har starta kamp for fødetilboda våre. Det er ikkje utan grunn. Vi treng ein ny politikk for føde og barsel. Der kvinner får tryggleik for fødetilbod, liggetid, følgjeteneste og barsel. Senterpartiet har fremja forslag om å be regjeringa ikkje leggje ned fødeavdelingar eller andre fødetilbod, og representantforslag om ei forsterka følgjeteneste der avstandane for kvinner i fødsel blir over ein time. Vi treng fleire fødetilbod i Norge, ikkje færre. Som eitt av hovudgrepa i den nye sjukehusplanen har helseministeren varsla at kommunar og sjukehus skal bli « partnarar» - ikkje « partar». Men vi treng ikkje slike flosklar og ordspel. Vi treng at ein tar politisk ansvar. Regjeringas effektiviseringskrav til helseføretaka går ut over kommunehelsetenesta. Samhandlingsreforma er ikkje følgd opp. Det har regjeringa latt utvikle seg til ein oppgåveoverføringsreform utan finansiering. Det er regjeringas eigen sjukehuspolitikk som er årsaka til at tilliten mellom sjukehus og kommunar mange stader er tynnslitt. Som på Nordmøre, der alle kommunestyre i vår braut samhandlingsavtalane med Helse Møre og Romsdal. Regjeringa tillèt at helseføretaka kan spare og effektivisere ved å sende pasientar tidleg heim. Gjerne midt på natta, også om pasienten er i siste fase av livet, så er det tydelegvis heller ingen hindring. Fram og tilbake. Uverdige transportar er den mørke baksida av regjeringas helsepolitikk. Det viser eit helsevesen som er pengestyrt, ikkje verdistyrt. Fastlegeevalueringa som kom for nokre veker sidan viser at reduksjonen i liggetid på sjukehus også er ein viktig årsak til fastlegekrisa, fordi det har gitt fastlegane ein kraftig auka arbeidsbelastning utan at det er blitt tilsvarande fleire fastlegar. Eg seier difor at vi eigentleg ikkje har nokon fastlegekrise i Norge. Vi har ei systemkrise i helse- Norge. Den er politisk skapt, ikkje fagleg skapt. For Senterpartiet er det difor viktig å få til ei systemendring. Der vi rettar opp i helsegapet som er utvikla mellom sjukehus og kommunar. Senterpartiet vil ha ei verdistyrt helseteneste. Der ein ikkje mistar av syne kva som er det eigentlege målet med og innhaldet i helsetenestene, grunnsteinen i velferdsstaten. Der vi styrkar den norske helsetenesta som ei omfattande og solidarisk velferdsordning, der folk blir møtt og sett.

Postet:
2019-10-03 21:14:50