Person / Aktør:
Justis- og beredskapsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet

Innlegg:
«Det går godt i norsk økonomi.» Slik starta justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr da han las «Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding» under den høgtidelege opninga av det 164. storting i dag. Tradisjonen er at ein av regjeringas yngste statsrådar har denne oppgåva. Medan trontalen er skreven på bokmål, skal tala om rikets tilstand framførast på nynorsk. Opning av Stortinget skjer kvar haust etter dei faste prosedyrane som har vore nedskrivne i Grunnlova § 74 sidan 1814: «Så snart Stortinget har konstituert seg, åpner kongen eller den han beskikker, dets forhandlinger med en tale der han underretter det om rikets tilstand og de forhold som han især ønsker å lede Stortingets oppmerksomhet mot. Ingen deliberasjon må finne sted i kongens nærvær.» Heile meldinga kan lesast på https://www.regjeringen.no/id2670838 Foto: Stortinget

Postet:
2019-10-02 15:22:54