Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
På TV2 i går kom det fram at Morten Ørsal Johansen (Frp), saksordfører i Stortinget for saken om erstatning til bønder som er rammet av forbod mot hald av pelsdyr, føler seg lurt av regjeringa. Då me sat i regjering var det slik at statsrådane måtte avklare alle saker med regjeringspartia på Stortinget. Eg trur framleis det er slik. Eg oppfatter saken på TV2 som at landbruksministeren ikkje har gjort det i denne saka. Når me no veit at Frp ikkje står bak Bollestad sitt framlegg - så lurer eg på om Høgre står bak det eller ikkje? Eller er «erstatningsordninga» eit reint KrF produkt? Uansett er det ikkje ein grei måte å behandle pelsdyrbøndene på. Dei er i ein svært vanskeleg situasjon og regjeringa bør ikkje bruke dei i eit internt spel.

Postet:
2019-09-28 09:16:41