Innlegg:
Nokon meiner det å stoppe oljeproduksjonen i Noreg er eit godt klimatiltak.
Eg forstår det rett og slett ikkje. Eg meiner det er symbolpolitikk som vil ramme økonomien til Noreg og folk her hardt. Det vil også svekke klimasaken når Noreg får mindre ressurser til å utvikla nye løysinger for miljøet.
Steinalderen tok ikkje slutt fordi me gjekk tom for stein. Oljealderen vil ikkje ta slutt fordi det er tomt for olje og gass. Den dagen det er tomt vil det vera for seint.
På same måte vil det ikkje bli mindre krig i verda om me legg ned Kongsberg eller Nammo som produserer våpen.
Det er etterspørselen etter olje og gass som må ned. Eller i det minste må utsleppa frå olje og gass ned. Her meiner eg det er bra at me i Noreg ikkje let vera å gjera tiltak sjølv om det på sikt kan redusera våre inntekter frå olje og gass. Me må og bruke ressurser på å fange og lagre CO2.
Skal ein strupe marknaden for olje og gass må alle store produksjonsland bli samde om å kutte sin produksjon. Det er nok å sjå på kor i verda olja er for å forstå at det ikkje skjer.
Noreg produserer olje og gass med låge utslepp. Når olja og gassen blir brukt er utsleppa nokså like.
Eg ber rett og slett om ei forklaring på korleis ein meiner det å ha ein sluttdato for olje- og gassproduksjonen i Noreg vil vera eit bidrag til klimakampen.
Norske oljearbeidere skal etter mitt syn vera stolte av den jobben dei gjer. Dei bidreg til å dekke etterspørselen etter olje og gass på ein mest mogleg klimavennleg måte. Og dei sikrer penger til å finansiere alt av klimasatsinger i Noreg.
Postet:
2019-09-23 10:47:19