Innlegg:
Plutseleg kom eg til å tenke på at Senterpartiet har gjort sitt beste lokalval nokon gong.
Me sette for nokre år sidan eit mål om å bli større enn FrP. Senterpartiet fekk 14,4% og Frp 8,2%. (14,4>8,2).
Det er nokon andre resultat som gler meg litt ekstra:
- Reint fleirtal i Sauda.
- Større enn V og KrF i stort sett alt av byer.
- Mandat i Oslo.
- Like mange mandat som Ap i Nord-Norge.
No prøver eg å få kontroll over kor Sp får ordførar og/eller varaordførar i Norge. Fint om du kan hjelpe meg med det ved å skrive kommunenavn og navn på ordførar eller varaordførar fra Sp i kommentarfeltet!
Postet:
2019-09-19 14:18:07