Innlegg:
No må faktisk regjeringa tenke seg kraftig om og skjerpe seg. Dramaet om ekteskapsproblemene til Erna, Siv, Trine og Kjell Ingolf skugger for dei tusenvis av lokale kandidatane som faktisk stiller til val i haust. Bli enige og bruk tida på å støtte opp om dei lokale kandidatane. For lokalval er vakkert. Teateret på statsministeren sitt kontor skaper berre politikerforakt.
Hadde det no enda vore ein reell diskusjon om store beløp så kunne eg forstått det, men det er kjekling om relativt små beløp. Eg trur mest det er såre følelser og svake meiningsmålinger som ligg bak.
Det er likevel bra å merke at sjølvtilliten og engasjementet er på topp hos Senterpartiet sine lokale kandidater. Og gratulera til Roar Lima (Sp) som vann kappestriden om å lage best hamburger i Klepp.
Postet:
2019-08-23 19:23:24