Innlegg:
Me må jobbe litt med sakene og ikkje berre drive valkamp. Eg spurte tidlegare i sommar her på Facebook om døme på manglande gjerdehald langs jernbane.
Eg har fått mykje bilete, vedtak og brevutvekslingar med Bane Nor tilsendt. Takk for det. Det er nyttig og lærerikt.
No har eg utfordra landbruksministeren på å få tal på kor mange dyr som kvart år vert drepne av toget. Ho har sendt spørsmålet vidare til samferdselsministeren. Dette handla visst meir om tog enn om dyr... Faktum er at dette handler om kalkulert dyremishandling for å spare pengar.
Så vil saka bli fulgt opp steg for steg frå mi og Sp si side - så får me håpa at regjeringa vil skifte meining. Eller at me får skifta regjering.
Postet:
2019-08-19 18:08:39
Delt innhold:
Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren
Kor mange husdyr er blitt påkøyrde av tog i Noreg i kvart av åra 2015, 2016, 2017, 2018 og så langt i 2019?