Innlegg:
Det er eit underleg skue det som no skjer i regjeringa på bompengar.
Sidan regjeringsskifte i 2013 har regjeringa lagt fram forslag for Stortinget om i underkant av 250 milliardar kroner i nye bompengar. Det skjer med ein samferdselsminister og finansminister frå Frp. Dette er pengar som bilistane skal betale ned i åra fram mot 2040.
Samme kva måte ein måler på så har bompengane auka. Bilistane betaler meir år for år. Gjelda til bompengeselskapa (altså gjenståande rekning for bompengar som er brukt) er auka år for år. Takta i nye bompengar er auka.
Eg har sidan 2013 stilt ei rekke spørsmål om bompengar til regjeringa. Eg har gong på gong fått høyre at regjeringa gjer mykje for å begrensa bompengebruken. Det er då underleg korleis Frp no plutseleg meiner det er ei krise.
Det er i så fall ei krise dei har skapt sjølv. Eg vil verte særs overraska om regjeringa no til dømes kjem med 100 milliardane kroner for å kutta bompengar. For meg verkar det som Frp er meir opptekne av eiga oppslutning og å koma seg ut av regjeringa enn av bilistane.
I tillegg til bompengeauken har regjeringa målretta auka skatten for pendlarane og drivstoffavgiftene har hatt ein historisk høg auke.
Du har kanskje høyrt at no betaler bilistane mindre inn i avgifter enn det som vert brukt på veg. Det er sikkert rett, men kjem etter mitt syn av to ting: 1. Løyvingane av midler til veg er auka over tid. Det er ei opptrapping som starta med nasjonal transportplan alt i 2009 og som det har vore stort fleirtal bak i Stortinget. Faktisk så trur eg den prosentvise veksten var lågare i transportplanen i 2017 enn den var i transportplanen som vart vedteken då Marit Arnstad (Sp) var samferdselsministar. 2. Kutta i avgifter har i stor grad kome til fordel for dei som har kjøpt ny bil og mest til dei som har kjøpt ny dyr bil. (I praksis rike menn i byane/sentrale strok som har kjøpt til dømes Tesla) Dei som køyrer brukt Volvo har fått auka avgifter.
Eg er og oppteken av at FrP mange gonger har juksa med det dei har kalla bompengekutt. Til dømes då bomavgiftene for bubil vart redusert til same sats som personbil. Staten brukte null kroner på dette. Heile rekninga vart dekka inn gjennom at alle andre (inkludert bubilane) må betale bompengar i ein lengre periode. I tillegg kjem det då renter. Eit anna døme på juks er at Frp skryt at dei har auka rabatten for dei som har brikke frå 10 til 20 %. Det dei ikkje nemner er at andre har fått redusert rabatten frå 40/50 % til 20 %.
Sjølv om eg meiner det er ein viktig del av oppgåva som opposisjonspolitikar å stille kritiske spørsmål til «makthavarane» sin politikk, så skal eg og seie litt om kva me i Sp vil gjera med bompengane:
I vår hadde me i Sp eit forslag om at i dei tilfella der prosjekta vert billigare enn ein hadde forventa, så skal bilistane få dette att i form av billigare bompengar. Det både argumenterte og stemte Frp mot.
Me i Sp har hatt framlegg om at staten skal stille garanti for bompengelåna. Det har Frp røysta mot.
Me har lagt fram forslag om høgare statleg andel i eit konkret prosjekt på E18. Det røysta Frp mot.
Alle gjeldande tiltak for reduksjon av bompengar har me røysta for.
Då me satt i regjering så sa me nei til bygging av bybane på Nord-Jæren. Me meinte det var for dyrt. Då kom Ueland (H) frå Sola kommune, Sagen Helgø (H) frå Stavanger og Borgli (Frp) frå Sandnes kommune til departementet og sa at dei godt kunne ha høgare bompengar om dei fekk bybane. Arnstad sa nei og sparte folk i Rogaland for milliardar i bompengar.
Eg kunne ha skrevet mykje meir om stort og smått om bompengar. Men hovudproblemet til Frp er at dei i seks år ikkje har prioritert kutt av bompengar. Trass i at dei har auka oljepengebruken enormt så har dei berre drevet med kosmetikk på bompengar. Og folk flest er ikkje dumme. Dei har ikkje greidd å lura dei.
Så blir det spanande å sjå kva Frp gjer på landsstyremøtet i dag. Eg er heilt sikker på at det er eit møte som vert halde fordi oppslutninga er låg og ikkje fordi bompengane er høge.
Postet:
2019-08-18 09:44:31