Innlegg:
Møtet i Arendal
Arendalsveka 2019 er over med eit imponerande tal av seminar og debattar. På sitt beste er Arendalsveka demokratiets dansegolv. Eit hopehav av interesseorganisasjonar og andre aktørar , ja forhåpentleg vis også vanlege folk, som er tilstades for å kunne informere og bli informert, og for å påverke samfunnsutviklinga i si retning. Uansett kor introvert og beskjeden ein er, så kan ein ikkje unngå å dulte borti nokon som ein har interesse av å snakke med eller debattar ein vil like å høyre på eller delta i. På sitt verste er Arendalsveka eit mekka for kommunikasjonsbyrå der samfunnselite møter samfunnselite, som ein slags oval avslutning på sommarferien før arbeidshausten startar. Statlege etatar , som NAV; Riksrevisjon, Universitet – og høgskular brukar tid og til dels mykje skattefinansierte pengar på vere til stades. Eg kan forstå partileiaren min, Trygve Slagsvold Vedum , som har kritisert Arendalsveka for å vere ein statsfinansiert elitefest.
Men uansett er Arendalsveka utvikla seg til ein viktig møteplass. Mitt viktigaste møte i Arendal dette året, kosta lite men gav mykje. Eg hadde vore på ein helsedebatt på sjukehuset, og fekk plutseleg veldig lita tid til å nå neste debatt. Den var om arbeidsplassen som rusfri sone i regi av AKAN, og skulle vere i Arendal sentrum vel ein kilometer vekke. Drosje var umogleg å få tak i, så eg måtte ta beina fatt. Ikkje visste eg heilt retninga eg skulle i heller, og tok difor kontakt med ei jente som eg småsprang forbi. Eg spurte henne om ho var kjent og om dette var rett veg til sentrum. Ho såg fyrst veldig forskrekka ut, ja nesten redd. Men då eg spurte igjen, forsto eg at ho no forsto spørsmålet. Og ja, ho smilte og sa at dette var rett veg. Ho skulle også ned til sentrum, sa ho, og sette farten opp og sa at vi kunne godt gå saman. Ho var 11 år, eg gløymte å spørje kva ho heitte. I henda bar på ho ein såpeboble- behaldar som var rosa. Ho var vakker , hadde nokon nydelege auge og langt krølla hår og verka så glad då ho forsto at ho kunne hjelpe meg. Eg skrytte av norsken hennar , ho hadde budd i Norge i berre eitt år og kom frå Syria. Ho skulle starte i 6. klasse dagen etter, og likte seg godt i Norge, sa ho. Ho hadde 2 eldre søsken. Vi småprata heile vegen. Då vi kom ned til folkehavet i sentrum , skiltes vi. Eg takka for hjelpa, og rakk akkurat rusdebatten. Eg klarar ikkje la vere å tenke på det. Eg hadde eit uttal møter dei dagane eg var i Arendal. Eg helste, snakka og debatterte med svært mange flinke og engasjerte folk. Men det var møtet med jenta frå Syria, i bakkane ned frå sjukehuset ,eg kjem til å huske best frå Arendalsveka i 2019. Eg håpar ho får det godt i Norge.
Postet:
2019-08-18 12:03:12