Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Har hatt tre dager på Arendalsveka. 20 debatter og møter vart det. Stor spennvidde i tema: Veibygging, fiskeri, bredbånd, småbedrifter, næringsmiddelindustri, skog, Brønnøysundregistrene, bilavgifter, havbruk, pelsdyr, jordbruk, pelsdyr, bioøkonomi, kjøtt og biogass. Det vart og tid til å drøsa med ein haug med folk. Sidan me i Senterpartiet er sparsomme så fekk eg og leirskulekjensla av å dela rom med Trygve og Per Martin. Nokre konklusjonar frå debattane: - Me skal bruke god tid på å handsame stortingsmeldinga om fiskekvotar og regjeringa er villige til å gjera endringar. - Regjeringa er positive til å lage ei stortingsmelding om næringsmiddelindustrien. - Orkla skal servere Grandiosa og ikkje veganpølser på neste debatt eg deltek på. - Det er politisk vilje til å finna ei felles ny løysing for bilavgifter. - Regjeringa kjem truleg ikkje til å auka momsen for reiseliv i neste års statsbudsjett. (utover den 50% auken dei har gjort til no) - Senterpartiet ligg godt an i valkampen. - Eg og Arthur Buchardt er samde om at EL-bilpolitikken ikkje er næringspolitikk. - Høgre har vore på bedriftsbesøk.

Postet:
2019-08-15 12:05:42