Person / Aktør:
Liv Signe Navarsete
Liv Signe Navarsete
Parti: SP

Innlegg:
Arendalsveka er over for i år, for min del. Det har vore travle, men interessante dagar i Arendal. Møtte mellom anna forsvarsministeren i tre debattar, men det var lite konkret å henta der. Lite tyder på at regjeringa har ambisjonar om å nå målet Erna har forplikta Noreg på; å prioritere 2 prosent av BNP til forsvar. No held Russland storøving rett utanfor norskekysten i nord. Forsvarssjefen sa på Dagsrevyen i går kveld nøyaktig det same som eg hevda i debatten: at Noreg sjølv må evne å stille soldatar og gjere jobben i nordområda heller enn å gjere oss avhengige av styrkar og utstyr frå USA og andre allierte. Trening og øving med allierte er bra og viktig, men eg er samd med forsvarssjefen. Noreg har ikkje den evna i dag. Kva vil forsvarsministeren og regjeringa gjere med det? #forsvaretavnorge #arendalsuka

Emneknagger:

Postet:
2019-08-15 14:12:38

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Liv Signe Navarsete