Eg vert litt oppgitt over arroganse.
Eg spør Landbruksminister Bollestad (KrF) om kva tid forskrift om kompensasjon for pelsdyrbønder som er omfatta av forbodet mot hald av pelsdyr vert sendt på høyring.
Svaret er «så snart som mogleg». Er dette før sommaren slik ho varsla i Stortinget eller er det etter sommaren? Skal eg tolke det slik at signalet om «før sommaren» ikkje gjeld?
Det tidlause samfunnet på Sommerøya var ein bløff - i regjeringa er det openbart ein realitet.