Innlegg:
Det vert nokon gonger fokusert på at det er så mykje krangling i politikken. Då vil eg seie kor glad eg er for at det og er ein kultur for samarbeid.
Dette innlegget eg hadde i Stortinget i juni om satellittkommunikasjon i nord er eit godt døme på det:
«Geir Pollestad (Sp) [15:29:57]: Eg takkar statsråden for utgreiinga. Dette innlegget vert halde på vegner av Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti.
Saka om Space Norway vart behandla i Stortinget i juni 2018. Forslaga i proposisjonen vart samrøystes vedtekne. I etterkant av dette vart det ein ny debatt om saka som følgje av eit representantforslag frå representantane Lysbakken og Moxnes. Forslaget handla om den militære delen av prosjektet og vart ikkje vedteke.
Saka i dag handlar om kor vidt dei føresetnadene og kriteria som Stortinget sette for gjennomføringa av prosjektet, er oppfylte. I den samanheng viser eg til den utgreiinga som næringsministeren nettopp gav. Det er ingen innvendingar mot den. Dei endelege avgjerdene i prosjektet ligg til regjeringa, ikkje til Stortinget. Eg vil likevel understreka at det er eit engasjement for og eit ønske om at prosjektet kan verta gjennomført.»
Postet:
2019-07-04 10:58:46