Innlegg:
Eg får mange meldinger om manglande gjerder langs jernbane og dyr som vert påkøyrde av toget. Eg veit dette er eit problem i store delar av landet.
Sp har fleire gonger teke dette opp med regjeringa, men blir møtt med skuldertrekk av både samferdselsminister og landbruksminister.
Eg vil gjerne samle så mange eksempel som mogleg om manglande gjerdehald - og vil difor oppmode folk til å sende bilete av manglande og dårlege gjerde med skildring av kor det er i landet. Eg vil og gjerne høyre om det har vore kontakt med NSB, Bane Nor eller kommunen om saka.
Send det på epost gp@stortinget.no Så skal eg vidareformidle til regjeringa med krav om å prioritera dette.
Tagg/tips gjerne folk som de trur kan bidra.
Det er ikkje akseptabelt verken ut frå etikk eller dyrevelferd å basere seg på at ein heller betaler erstatning enn å setje opp gjerde.
Postet:
2019-07-11 14:24:38