Innlegg:
50 år sidan månelandinga. Det er ein av dei tinga det «irriterer» meg at eg ikkje fekk oppleva. Det som «irriterer» meg meir er at me ikkje har vore på månen sidan 1972.
Det er sikkert mange grunner til at det er slik. Supermaktenes tid er forbi. NASA er blitt for byråkratisk. Nytteverdien står ikkje i stil med kostnadane. Men: Når dei greidde det i 1969 så burde det vera mogleg å gjera det langt enklare og billegare i 2019.
Norge har ein industri og eit miljø knytt til romfart. Det hadde jo vore flott om det norske flagget kunne vaie i vinden på månen. (den var til konspiratørene). Som ikkje EU-medlem kan me spele både på den europeiske romfartsorganisasjonen ESA og den amerikanske NASA. Og kva om me kunne brukt eit slikt prosjekt til å styrke samarbeidet med Japan.
No har det klikka for han i ferien - tenker du kanskje - eller dette var jo eit innlegg som passa litt utpå laurdagskvelden.
Men tenk litt på det. Det norske flagget på månen. Eg kjenner alt at eg gler meg. 🇳🇴🚀🌙
Postet:
2019-07-20 22:17:53