Innlegg:
«Slagord og enkle løysingar.» Det er noko våre politiske motstandare seier om Senterpartiet. Det er ikkje sagt som noko positivt.
Eg trur faktisk at me har bruk for meir «enkle løysinger» og «slagord.»
«Slagord» er ikkje negativt. Det seier noko om verdiar. Kven vi er. Kva vi står for. «Tenester nær folk» «Ta heile Norge i bruk» «Vi trur på heile Noreg» og «Nei til tvangssammenslåing.» Det gjer uttrykk både for Senterpartiet sin identitet og standpunkt i saker.
«Enkle løysingar»? Ja takk. Det er alt for mange vanskelege løysinger. For mykje regler, for mykje byråkrati og for mykje kontroll. Og på toppen av det heile politikk som løyser problem som folk ikkje har.
Eg trur og det provoserer våre politiske motstandere at me prøver å snakke slik at folk forstår kva vi seier. Det er eit anna språk enn det dei sjølv er vane med å bruke. Sanninga er at det ikkje er anna enn heilt vanleg norsk.
Me skal framover presentere fleire enkle løysingar, meir slagord og eit endå enklare språk. Det er å ta politikken nærare folk.
Postet:
2019-07-29 10:14:33