Person / Aktør:
Geir Iversen - Politiker fra Finnmark
Geir Iversen - Politiker fra Finnmark
Parti: SP

Innlegg:

Postet:
2019-07-24 09:08:05

Delt innhold:
Kystopprøret - Gjenreis kystnorge
Norgeshistoriens DESIDERT største ran. Folket har i uminnelege tider busett seg på vår langstrakte kyst for å leva av fjord og jord. Og frå Stortinget sin talarstol er det proklamert gong på gong at fisken i havet er folkets eigedom. Men dette er blitt ein parodi, for det er innført privilegier til nokre få. Dei har teke fisken frå kystfiskaren i Norgeshistoriens desidert største ran. I utgangspunktet var det inga regulering av fisket. Men då det viste seg at torskebestanden blei overfiska, blei fiskarane tildelte kvotar. Norgeshistoriens desidert største ran starta då ein trålreiar i dølgsmål fann på å selja den store verdfulle kvoten han hadde til låns frå styresmaktene - for mange millionar kroner. Styresmaktene greip ikkje inn. Dei store trålreiarane har såleis fått fritt leide til enorme privilegier og stillteiande aksept for sitt ran. Ranet pågår framleis for full fres mot større og større reiarar, og større og større og færre og færre båtar. Dei store havgåande fabrikkskipa har ikkje ein gong bruk for vår kyst. Summane av ranspengar går sjølvsagt inn i rekneskapet og fordyrar fisken for alle som kjøper fisk. Ranet er spesielt synbart på kysten i nord, kor masse fiskevær og kommunar langt på veg er avfolka. Kystfolket har ikkje lenger rett til fisken utafor stovedøra. Om ikkje styresmaktene nå tek ansvar, vil norsk fiskerialmenning vera historie, og kystfolket vil sitja att utan fisk. Trålfiske er ei sak for seg. Det var betrakta som eit rovfiske, og var forbode frå 1936 til 1951. Då blei det gjeninnført som eit supplement til anna fiske i eit forsøk på å sikra råstoff til heilårsdrift i fiskeindustrien på land. Trålfiske er framleis eit rovfiske, som øydelegg «husa til fisken» (reva på botnen), og drep yngel og småfisk. Det er svært lite miljøvennleg. Med sitt kostbare utstyr er det også ein svært dyr måte å fanga fisk på. Trålaren brukar dessutan fem til seks gonger så mykje diesel per kilo fanga fisk, som det sjarken gjer. Det er spesielt tankevekkjande at det meir miljøvennlege sjarkfiske nok ville kunna ta opp langt meir fisk enn ein gjer i dag. Ingen kunne forutsjå at ranet av fiskerialmenningen skulle få slike store dimensjonar og slike uønska konsekvensar. Det er så absolutt ikkje rasjonelt at storparten av fisken vår er administrert av kvotebaronane etter deira forgodtbefinnende. Det feilskjæret den første trålreiaren gjorde, med sal av lånte fiskekvotar, har fore som ein ildebrann gjennom norsk fiskerinæring, og har ført til eit privilegium kun for eit fåtal kvotebaronar. Ingen ungdom kan lenger koma inn og driva fiske utan å kjøpa kvote for millionar av kroner. Det finst ingen grunn til å oppretthalda eit slikt privilegium. I eit slikt system blir det kapitalkreftene som styrer strukturen i fiskeflåten. Då blir det nok lite livsrom 1att for «småfiskaren», og for folket i dei små fiskeværa. Fiskeressursane må styrast av Fiskeridirektoratet; og hensiktsmessig kvotering lånast ut g r a t i s derifrå. Betre kan ikkje folkets felleseige forvaltast Med utgangspunkt i at fisken er folkets eigedom, må det vurderast å nytta pengar frå Oljefondet for å innfri fiskekvotar som har vore i handel. Sjarken må vera flaggskipet i norsk fiskerinæring. Ein flåte av mindre kystbåtar vil gi eit langt meir miljøvennleg fiske, langt fleire arbeidsplasser, bringa på land langt meir fisk av ein gjennomsnittleg betre kvalitet og størrelse til ein langt billigare penge, og gi «lys i husan». Næringskomiteen i Stortinget fekk 21. Juni i år Melding St 32(2018-2019) frå Nærings- og Fiskeridepartementet: «Et kvotesystem for økt verdiskaping - en fremtidsrettet Fiskerinæring». I haust skal det fattast vedtak i Stortinget. Då har våre politikarar ein siste sjanse til å snu utviklinga og ta eit ansvar for å gi havet og fiske tilbake til kystfolket. Knut Vadla, småbrukar, blåskjeldyrkar og lærar ​20. Juli 2019