Person / Aktør:
Rødt

Innlegg:
// etter at vi blei sprengt i filler⁣ etter at fredagen fall ut av hendene på oss⁣ etter at vi måtte lære oss norsk på ny⁣ etter at sorga strekte seg heilt opp til håret⁣ etter at dagane tok til å regne ned over oss⁣ orda overlever ein 9mm glock⁣ kjærleiken er kraftigare enn ei 500 kilos bombe⁣ å halde hender er mektigare enn ladegrepet⁣ eit lite kyss er viktigare enn 1500 sider med hat⁣ eit vi er så mykje meir enn eit eg⁣ ⁣ det kjem eit nytt 22. juli, det må jo det⁣ ferja skal frakte fleire bankande hjarte over⁣ telta skal bli slått opp på grønt gras⁣ morgonsola skal kysse øya vaken⁣ ⁣ hei, hei, på tide å stå opp og endre verda //⁣ ⁣ – Frode Grytten⁣ ⁣ [Foto: Dag Endre Opedal, CC]

Postet:
2019-07-22 11:09:36