Innlegg:
Da Stortinget behandlet saken om fosterreduksjon i Stortinget forrige torsdag, stemte jeg for regjeringen sitt forslag. Det gjorde også flertallet i Senterpartiets storingsgruppe. Dette er en krevende sak, både juridisk, medisinsk og etisk. Uansett hvilket standpunkt man har, så må man huske på at Norge før lovendringen som ble vedtatt torsdag, var det eneste landet i Europa, med et nasjonalt tilbud på fosterreduksjon av friske tvillingfostre.
Under er innlegget til Kjersti Toppe i debatten, som jeg stiller meg 100% bak:
Retten til sjølvbestemt abort står sterkt i Noreg. Abortlova er ikkje ei kva som helst slags lov, men ei lov av stor reell og symbolsk verdi for kvinner sine rettar og reproduktive helse. Difor vil eg innleiingsvis understreka at sjølv om Senterpartiet er einig med regjeringa i sak, tar vi sterk avstand frå prosessen som har vore bak dette lovforslaget, der ei lov av så stor verdi vert endra på bakgrunn av ei partipolitisk forhandling og eit spel om regjeringsmakt.
Regjeringa foreslår å presisera i lova at alle oppmodingar om fosterreduksjon skal behandlast i nemnd. Fosterreduksjon er ei komplisert sak, som handlar om både juridiske, medisinske og etiske perspektiv. Desse perspektiva bør ein ha respekt for, uavhengig av kva for standpunkt ein tar.
Det er fleire argument for at eg støttar forslaget om regulering av fosterreduksjon i lov. Dei etiske vurderingane er ulike elles ved svangerskapsavbrot. Medisinsk sett kan heller ikkje inngrepet samanliknast med abort i eit einskilt svangerskap. Fosterreduksjon er ikkje eit svangerskapsavbrot, men eit inngrep i ein graviditet som skal fortsetja.
Fosterreduksjon var ikkje ein aktuell mogelegheit i Noreg den gong lov om svangerskapsavbrot var laga. Fosterreduksjon eit komplisert inngrep med risiko òg for igjenverande foster. Ulike tal vert oppgitte for risiko for komplikasjonar, men i Noreg reiknar ein med 5–10 pst. risiko for abort av gjenverande foster ved reduksjon i tvillingsvangerskap. Dette meiner eg gjer fosterreduksjon til eit særleg etisk krevjande inngrep.
At ingen av fosterreduksjonane i Noreg blir utført etter veke tolv av medisinsk-tekniske orsakar er òg eit viktig argument for lovforslaget.
I abortforskriften § 3 står det i dag:
«Når svangerskapsavbruddet kan utføres før utgangen av 12. svangerskapsuke, tar kvinnen selv den endelige avgjørelse om svangerskapsavbrudd.
Kan avbruddet ikke utføres før etter utgangen av 12. svangerskapsuke, treffes vedtak om avbrudd av en nemnd, i samråd med kvinnen. (…)»
Nasjonal behandlingstjeneste for avansert invasiv fostermedisin ber om at fosterreduksjon blir behandla på same måte som andre svangerskapsavbrot etter veke tolv, altså i nemnd, og det er eg samd med dei i.
Ifølgje fagmiljøet som utfører fosterreduksjon vil lovendringane også gjera det lettare å handtera førespurnader om fosterreduksjon frå utlandet. På høyringa i komiteen fikk vi vita at dei hadde hatt 30 førespurnader om fosterreduksjon av friske fostre frå kvinner i utlandet, frå land som Danmark, Sverige, Polen, Irland, Frankrike, Nederland og Tyskland. Behandlingstenesta ved St. Olav hadde ikkje noko ønskje om å verta eit europeisk senter for fosterreduksjon.
Til dei som hevdar at forslaget om å lovregulera fosterreduksjon av friske fostre betyr ei historisk svekking av abortlova: Den historia går tre år tilbake i tid. Før 2016 var fosterreduksjon av friske fostre ikkje ein godkjent praksis i Noreg, og andre land i Europa har ikkje etablert ein slik nasjonal praksis i dag. I perioden 2002–2016 vart fosterreduksjon utført berre på medisinsk indikasjon. Fagmiljøet etterlyste i 2009 retningsliner om inngrepet òg skulle kunne utførast i ukompliserte fleirlingar-svangerskap, (det vil seie i tvillingsvangerskap med friske fostre) og direktoratet tok dette opp med departementet i 2010. Den raud-grøne regjeringa sørga ikkje for ei avklaring av dette spørsmålet.
Fyrst i 2016 kom Justisdepartementet med si vurdering av fosterreduksjon, og vurderinga var at fosterreduksjon skulle behandlast ut frå lov om svangerskapsavbrot og vera sjølvbestemt føre svangerskapsveke tolv.
Altså er saka slik at før 2016 var ikkje fosterreduksjon av friske fostre ein etablert praksis i norsk helseteneste. No vert dette tillatt. Det som no vert lovfesta, er faktisk meir liberalt enn kva som var praksis fram til 2016 og under den raud-grøne regjeringa.
Senterpartiet har programfesta at vi står bak dagens abortlov, men vi vil ikkje tillate fosterreduksjon av friske foster. Senterpartiet fremma eit representantforslag i 2016 om akkurat dette. På den bakgrunnen vil Senterpartiet støtta forslag til lovendring, men Senterpartiet sine stortingsrepresentantar er stilte fritt i denne saka, slik at dei kan røysta etter sin overtyding i ei sak av slik etisk karakter.
Helsing
Kjersti Toppe
Postet:
2019-06-18 23:28:04