Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Eg har fått ein del spørsmål om kvifor eg røysta for framlegget om å endre abortlova. Det har eg lyst å forklare og då treng eg ein del ord. Eg har med vilje venta nokre dager til den mest intense debatten har lagt seg. Eg var i tvil og er framleis i tvil om eg gjorde rett i saka. Og eg stod heilt fritt til å røysta akkurat slik eg ville. I Senterpartiet er me nemleg fristilte i denne typen saker. Partiprogrammet seier at abortlova ligg fast, men at me ikkje ynskjer å åpne for fosterreduksjon der det ikkje er medisinsk årsak. Kva handler saka om for meg? Spørsmålet i saka er om det skal vera sjølvbestemt, før veke 12, å redusera talet på foster i ein situasjon der kvinna har meir enn eit foster. Spørsmålet gjeld i situasjoner der fostra er friske og det heller ikkje er risiko/fare for kvinna. Heilt sidan 2001 har vore tillat praksis i Norge med fosterreduksjon ved medisinsk indikasjon, altså for å redusere risiko hos mor og barn. Dette støttar eg sjølvsagt. I følge St.Olavs (som er fagmiljøet i Norge) på høyringa i Stortinget har desse har vore behandla av nemnd hittil, så det er ikkje noko nytt. Eg meiner det er feil i ein situasjon der ein er gravid med tvillinger at ein skal kunne ta abort på eit av fostra. Det er mange grunner til å meine det: Det gjeld det etiske i å velja bort eit. Det gjeld risikoen for det fosteret som er att. Det gjeld omsynet til den tvillingen som vert født. Samstundes ser eg definitivt at det er eit paradoks at ein har fri abort (til veke 12) for å fjerna begge - men ein kan altså ikkje fjerna eit foster. Ingen fosterreduksjon vert i dag utført før etter veke 12. Altså etter retten til sjølbestemt abort. Fagmiljøet ved St. Olavs har bedt om at ein likestiller desse abortene med andre abortar som vert utført etter veke 12, altså med nemndbehandling. Dette reduserer den praktiske konsekvensen. I åra 2016–2018 er det utført 14 reduksjonar ved tvillingsvangerskap uten påvist alvorleg sjukdom hos foster. Eg meiner det er ei vanskeleg sak. Når abortlova vart vedteken så var ikkje det å redusera talet på foster praktisk mogleg å gjera. Då det vart opna for dette skjedde det i form av ei lovtolking i 2016. Eg meinte den gong at spørsmålet var så viktig at det burde handsamast av Stortinget. KrF og Sp fremja eit forslag at regjeringa skulle kome med eit framlegg om endring i lova. Det vart handsama og eit stort fleirtal i Stortinget røysta nei. Då hadde altså Stortinget sagt sitt. Debatten om forslaget gjekk føre seg med saklege argument og innestemme. Her er nokre argument: - Det gjeld eit lågt antall saker i året (færre enn 10) - Det er ikkje tillat i Sverige og Danmark. - Det norske fagmiljøet tilrådde det ikkje. - Abortlova handlar om svangerskapsavbrot - ikkje fosterreduksjon. Senterpartiet har i sitt partiprogram at me ikkje ynskjer å endra abortlova og at me ikkje ynskjer å opna for fosterreduksjon av friske foster. Motstridande? Litt - men ein kunne og ha endra praksis utan å endra lova. Eller ein kan hevda at dei grunnleggande verdiane, rettar og omsyn i lova skal ligge fast. Og representantane er fristilt. Vanskelege spørsmål. Både for dei kvinner som står i denne situasjonen - men og for oss som skal avklare kva reglar som gjeld. Dette er spørsmål ein kan drøfte sakleg og bra - utan at det vert eit spørsmål om det abortlova si framtid. Mykje av debatten har gått på om ikkje kvinna veit best. Det er ein diskusjon eg har respekt for. Men til no er det stort politisk fleirtal for å ikkje heve grensa for sjølvbestemt abort til dømes til veke 18. Så starta det som gjer denne saken stor, skitten og vond. Erna Solberg la ein slagplan med Ropstad i KrF om korleis ei stor endring av abortlova skulle sikre at KrF gjekk til Erna Solberg og ho skulle sitje trygt som statsminister. Paragraf 2c) skulle endrast og også spørsmålet om fosterreduksjon skulle lokke KrF til å velja Erna Solberg. Abort er ikkje eit slikt spørsmål som ein skal bruke i maktspel og taktikkeri. Eg forstår godt dei reaksjonane det utløyste. Og når Ropstad og Solberg hadde fått partia sine saman så la dei bort endringa av paragraf 2 c). Då stod krav om «nemndshandsaming ved fosterreduksjon av friske foster» att som den store sigeren og symbolet. Eg må seie det er uverdig. Abortlova er eit nasjonalt kompromiss som har stått seg i tiår. Det har vore ro kring spørsmålet. Det er bra. Eg meiner og at slike verdispørsmål treng støtte blant folk. Då er det i eit representativt demokrati rett at me 169 folkevalde på Stortinget stemmer i tråd med eiga overtyding. No er frontane harde og kravet om både liberalisering og innskrenking av kvinna si rett til å bestemma sjølv har kome. No vert det krav om nemndbehandling for å gjera fosterreduksjon der fostera er friske fram til veke 12. Det vil seie at det alltid er krav om nemdsbehandling ved fosterreduksjon. Eg meiner sjølvsagt at nemndene skal kunne ta omsyn til kvinna si situasjon og i desse sakene. Eg er ikkje med på «greier du eit så greier du to»-logikken. Eg skulle ynskt at me aldri hadde hatt denne runden. Ny teknologi vil gje oss ei mengd vanskelege spørsmål framover. Då er det viktig at dei vert handterte ut frå argument og debatt og ikkje ut frå maktspel om å få parti til å velje side. Det som vart vedtatt no er meir liberalt enn det som var praksis under den rødgrønne regjeringa, då det berre var tillatt med fosterreduksjon ved medisinske årsaker. No blir fosterreduksjon av friske fostre tillatt, men det skal behandlast i nemnd slik alle andre seinaborter etter veke 12. Så ende eg opp med å røyste for framlegget frå regjeringa i Stortinget. Eg skal stå for det. Men eg skal ikkje legge skjul på at eg framleis grubler på om eg gjorde rett.

Postet:
2019-06-18 13:06:17