Person / Aktør:
Olje- og energidepartementet (Norge)
Olje- og energidepartementet (Norge)

Innlegg:
Ukas kraftverk: Leknesvatn (Askvoll kommune) Leknesvatn ligg i Skorvenvassdraget og nyttar eit fall på 253 meter mellom Nedre Leknesvatn og Markavatnet. Ein del av tilsiget til kraftverket er regulert gjennom høgdemagasinet Bjønnastivatn, som vart utbygd på slutten av 1950-talet. I kraftstasjonen er det installert ein peltonturbin på 3,9 megawatt (MW) og årleg middelproduksjon er berekna til 12,9 gigawattimar (GWh). Leknesvatn vart sett i drift i 2016 og er eigd av Sogn og Fjordane Energi - SFE.

Postet:
2019-06-07 15:00:00

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Olje- og energidepartementet (Norge)