Innlegg:
I dag tenker eg på pelsdyrbøndene.
H, Frp, KrF og V har i dag gått inn for ei kompensasjonsordning, for dei som må legge ned drifta på grunn av forbudet, som er så svak at det er skammeleg.
Nokon vil bli frarøva oppsparte millionverdiar og andre vil sitje att med millionar i gjeld.
Eg forstår ikkje korleis desse representantane til Frp, H, KrF og V har samvit til dette. Eg har til og med dårleg samvit på regjeringpartias vegne.
Flotte folk og familiar er ofra i eit stygt spel om makt. Og nå stikk regjefingspartia frå rekninga. Sjølv om dei på ein pressekonferanse på onsdag lova det motsette. Det var berre bløff.
13. juni fell dommen i stortingssalen. Eg nektar å tru at eit fleirtal i Stortinget er så kyniske og kalde at dei stemmer for dette.
oppdatering: mulig videoen kommer feil vei? Stemmer det?
Postet:
2019-06-06 15:07:42