Person / Aktør:
Sosialistisk Venstreparti
Sosialistisk Venstreparti
Parti: SV

Innlegg:
5. juni er verdas miljødag. Og dommen til forskarane er klar: Ei av dei største utfordringane verda står ovanfor er klimakrisa. Skal vi unngå farlege klimaendringar som tørke, ekstremvêr og flaum, må vi kutte utslepp. Då må kommunar og fylke bidra. Difor går SV sine folk til val på meir klimavennlege lokalsamfunn, og vi vil: - Kjøpe klimavennleg: Kommunar og fylke handlar for milliardar kvart år. SV vil stille strenge miljøkrav til nye innkjøp, slik som bilar, bussar og båtar. Då kuttar vi utslepp og får utvikle nye løysingar. - Planleggje klimavennleg: SV vil ha gode bomiljø, og leggje til rette for sykkel og kollektiv i by og bygd. Vi må bu tettare, byggje bustader nær skular og arbeidsplassar, ha fleire parkar og gjere det enklare å lade elbil. - Byggje klimavennleg: Kommunar byggjer skular, sjukeheim og idrettshallar. SV vi byggje klimavennlege bygg i eit hundreårsperspektiv. Vi vil ha fossilfrie anleggsplassar, og dermed få fart på utviklinga av utsleppsfrie anleggsmaskinar. - Lage klimabudsjett: Skal vi klare å kutte utslepp må vi ha ein plan. SV vil at kommunane skal ha klimabudsjett med mål for kor mykje utslepp som skal kuttast, og kva for tiltak som må til for å nå målet. Klimaproblemet er stort, men vi løyser det bit for bit. Saman.

Postet:
2019-06-05 08:21:22